Økokritikken er politisk motivert og ønsker både å stimulere til auka medvit om menneskas forhold til naturen, og til å skape endring: «Økokritikk er en form for ideologikritikk. Det handler om å synliggjøre skjulte strukturer og tenkemåter for å bevisstgjøre og skape endring», hevdar Furuseth og Hennig (2023, s. 13).  Den litteraturteoretiske retninga og det tilhøyrande forskingsfeltet oppsto parallelt med miljørørsla på 1960- og 1970-talet. Omgrepet økokritikk er knytt til William Rueckert (1978) og ein av dei mest kjende definisjonane av den litteraturvitskaplege økokritikken er at den er «an earth-centered approach to literary studies» (Glotfelty, 1996, xviii). Det betyr at det ein assosierer med jorda og naturen som fjell, tre, vatn, dyr og årstider vert studert i ein litterær samanheng. I den tidlege økokritikken er det likevel ikkje alle deler av naturen som er sett på som like interessant. Tekstar som skildrar byar vert det mindre forska på i forhold til tekstar som skildrar meir landlege og rurale strok.