Greg Garrard (2012) utvidar perspektivet når han skriv at økokritikken studerer forholdet mellom det menneskelege og det ikkje menneskelege, altså ikkje berre naturfenomen, men alt som finst som kan definerast som ikkje-menneskeleg. Garrards definisjon har opna økokritikken for nye retningar som posthumanisme og nymaterialisme der nettopp det ikkje-menneskelege vert diskutert hos ei rekke teoretikarar (Morton, 2017; Braidotti, 2013). Desse posthumanistiske teoretikarane er opptekne av grenseoppgangane mellom det menneskelege og det ikkje-menneskelege, til dømes i robotar og teknologi. I vår tid kan vi menneske få til dømes implantat og kunstige organ som held det i live, og teoretikarar som Timothy Morton (2017) vil hevde at desse endringane betyr at ein må diskutere kva som kjenneteiknar det menneskelege i møte med teknologien.