Den naturproblematiserande haldninga kan ein også seie tek utgangspunkt i romantikken, eller den meir gotiske romantikken, der det å tukle med naturen gjer at han vert farleg og utilrekneleg. Eit kjent døme er romanen Frankenstein av Mary Shelley (1818), der doktor Frankenstein prøvar å skape eit vesen, og grip slik inn i den naturlege orden. Den naturproblematiserande haldninga viser seg i litterære dystopiar der naturen tek hemn over menneska, og der naturkatastrofane er resultat av at mennesket utfordrar naturen eller at menneska har ein manglande evne eller vilje til å ta vare på naturen.