Den naturfeirande haldninga finn vi mellom anna i romantikkens feiring av naturen, der naturen vert sett på som både harmonisk og noko menneska lever i og med, og som også hjelper dei til å verte harmoniske menneske. Naturen skulle oppsøkjast og beundrast, for mennesket hadde det best med seg sjølv når det var i naturen, meinte den sveitsiske filosofen og forfattaren Jean-Jacques Rousseau. Han beskriv korleis «mennesket etter hvert har blitt fremmedgjort fra en primitiv, men lykkelig naturtilstand, og gjennom sivilisasjonen (…) er underkastet skadelige og urettferdige betingelser» (Furuseth & Hennig, 2023, s. 50). Det romantiske natursynet prega både filosofar, forfattarar og målarar, og spreidde seg frå Tyskland og Frankrike til dei nordiske landa. Naturskildringane vart brukt i dei skandinaviske nasjonalsongane som vart skrivne på siste delen av 1800-talet, og understreka det særmerkte både ved landet, men også ved folket som budde der.